Selma Fosså Bunæs og Marianne Aadland Sandvik i Harris Advokatfirma.

Kronikk: Er Statsforvaltaren i Vestland for streng?

Ifølge senioradvokat Marianne Aadland Sandvik og advokatfullmektig Selma Fosså Bunæs i Harris Advokatfirma viser to ferske saker at det ikkje alltid er semje mellom statsforvaltarane om kor strengt strandsona skal vernast.

Etter plan- og bygningslova er det eit overordna mål å ta vare på naturmangfald, landskap og allmenn ferdsel langs kysten. Samtidig oppstår ofte interessekonfliktar mellom verneomsyn og ønske om bruk og tilrettelegging.

Statsforvaltaren spelar ei sentral rolle som tilsynsstyresmakt og klageinstans i saker der det blir søkt om tiltak i strandsona. I utgangspunktet skal lovverket praktiserast likt over heile landet, men to nylege klagesaker viser at vurderingane kan variere – også mellom statsforvaltarane. I begge tilfella vart klagene frå Statsforvaltaren i Vestland på dispensasjon frå byggegrensa ikkje tatt til følgje av Statsforvaltaren i Rogaland.

Sak 1 – Søknad om oppføring av brygge

Saka gjaldt søknad om å oppføre ei brygge på ein eigedom i ein kommune med lågt utbyggingspress (sone 3) i Vestland. Tiltaket var avhengig av dispensasjon frå byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Kommunen innvilga søknaden, men Statsforvaltaren i Vestland klaga. Dei meinte tiltaket kunne føre til privatisering av strandsona, svekkje landskapsbiletet og bidra til uheldig nedbygging i området.

Statsforvaltaren i Rogaland behandla klagen, og viste til at statlege planretningslinjer for sone 3 opnar for enkelte tiltak nær sjø, som brygger og naust. Dei la vekt på at området allereie var utilgjengeleg for ålmenta utan å gå gjennom eksisterande, privat hage, og kunne difor ikkje sjå at tiltaket ville ha ein ytterlegare privatiserande effekt. Brygga ville heller ikkje hindre ferdsel på sjøen. Fordi tiltaket gav eigedomen tryggare tilkomst til sjøen, konkluderte dei med at fordelane var større enn ulempene.

Sak 2 – Søknad om etterhandsgodkjenning av trapp og platting

I sak 2 var det tale om etterhandsgodkjenning av ei trapp og platting ved sjøen. Eigedomen låg i sone 2, blant kommunane som har middels press på areala. Kommunen innvilga søknaden, medan Statsforvaltaren i Vestland klaga. Dei anførte at skråninga låg utanfor bustaden si private sone og burde haldast open for allmennheita. Rogaland viste til at tiltaka var plassert i ein såpass bratt skråning, at omsynet til allmennheita sin ferdsel på land i liten grad gjorde seg gjeldande. Tiltaket var heller ikkje til hinder for aktivitet på sjøen. I tillegg la dei vekt på sosialmedisinske, personlege og menneskelege omsyn, ved at dei mellom anna la til grunn at tiltaka var naudsynte for å legge til rette for helsefremjande aktivitetar. Utan tiltaka var det ikkje mogleg for bebuaren å kome seg ned til sjøen.

Ulik praksis og behov for samordning

Dei to sakene er eksempel som viser at Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland har ulikt syn på kva argument som er relevante i ei dispensasjonsvurdering. Der Statsforvaltaren i Vestland ser tiltak som ei uheldig privatisering eller nedbygging, har Statsforvaltaren i Rogaland i desse sakene lagt vekt på konkrete tilhøve i terreng, allmennheita sin faktiske tilgang, bruksomsyn og sosialmedisinske omsyn. Vi stiller spørsmål ved om ikkje Statsforvaltaren i Vestland har lagt seg på ei for streng linje der dei gjennomgåande legg vekt på generelle omsyn i strandsona, føre faktiske omsyn. Særleg med tanke på at kvar dispensasjonssøknad skal vurderast konkret og basert på faktiske omstende på staden og det aktuelle tiltaket.

Powered by Labrador CMS